Cybina er ei elv i Polen og ei sideelv til Warta frå høgre. Ho startar nær landsbyen Wierzyce og etter 43 km munnar ho ut i den høgre greina til Warta, som òg vert kalla Cybina eller Kanał Ulgi. Cybina renn gjennom to store innsjøar, Swarzedzkie og Jezioro Maltańskie.